Herr Nilsen


Storm Weather Shanty Choir

Kr 230,- + avg. / 22.09.16 21:00 Del denne siden

Favorittkoret vårt er tilbake! Storm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor frå Stord. Sjantiar er arbeidssongar som vart nytta til sjøs, og i Storm Weather Shanty Choir si tapping kjem dei i rock´n roll-drakt der publikum hiv seg med og syng av full hals – altså noko så merkjeleg som rocka allsong! På same måte tek dei publikum heilt ned når dei framfører vakre og melankolske sjømannsviser om sakn og svunnen kjærleik til sjøs.

Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Vatle som har mastergrad i sjantitradisjonen, har SWSC vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan (der dei headlina ein festival med 7000 publikummarar), USA og Tyskland og har spelt på eit utal av både rocke- og folkemusikkfestivalar som finnast her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg.

SWSC har gjeve ut fem plater sidan oppstarten, kjem med si sjette plate i løpet av 2016 og har også medverka på ei mengd andre utgjevingar, mellom anna med Odd Nordstoga og dei fekk sjølve med seg legenda Dave Cloud, frontfiguren i bandet The Gospel of Power, til å spela inn The Drunken Sailor. Bandet blir årleg streama bortimot ein million gonger på spotify, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor. SWSC får ein travel konserthaust med klubb og festivaljobbar i inn og utland og ser veldig fram til å returnere til fantastiske Herr Nilsen der me har den gledelege tradisjonen av å spele for utsolgt hus!

Youtube (NRK Sommeråpent) "Drunken Sailor": https://www.youtube.com/watch?v=li3Wc__fGx4

Youtube frå Japan: https://www.youtube.com/watch?v=UVp1E03EjXU

FB: https://www.facebook.com/shantychoir/?fref=ts

Haakon Vatle – forsongar/sjantimann og gitar

Ronny Sætre - baryton og perkusjon

Rune Nesse - bass og perkusjon

Vidar Vedå - bass og «karaokemaskin»

Roald Kaldestad - lyrisk tenor, mandolin, gitar

Gisle Østrem - lyrisk tenor, concertina, trekkspel

Program

neste ti konserter

Tirsdag 27.06.17 21:00

Tirsdagsjammen

Lørdag 01.07.17 21:00

Billington Band

Lørdag 08.07.17 21:00

Peter Zak / Knut Riisnæs Quartet

Fredag 14.07.17 22:00

Haakon Graf trio feat. Erik Smith & Per Mathisen

Lørdag 15.07.17 21:00

Asle Røe kvartett

Lørdag 22.07.17 21:00

Paul Wagnberg Organ Unit

Fredag 28.07.17 22:00

Elegant People

Lørdag 29.07.17 21:00

TBA - kveldskonsert Oslo jazzforum

Torsdag 03.08.17 21:00

Reverend Peyton's Big Damn Band

Tirsdag 08.08.17 19:00

Klubbdagen Øyafestivalen med Østkanten Bluesklubb

Hele programmet