Herr Nilsen


Stig Ulv

Kr 180,- + avg. / 29.05.17 21:00 Del denne siden

Han har funne sin veg, Stig Ulv. Med gitaren, og berre den. 40 låtar har det vorte. Dei ti siste kom 21. april når han kom med sitt fjerde studioalbum, Akustikar. Ein kar som spelar akustisk. Ikkje meir. Ikkje mindre. Det er nok. Ein einsam ulv med ei stor følgjeskare. Folk som finn sjelefred når dei har Stig Ulv på øyret. Han tilbyr eit friminutt, og kven treng vel ikkje det?

- Eg trur eg vil overraske med det nye albumet. Eg stolar meir på meg sjølv. Eg torer meir. Eg let tonane kvile meir. Eg har lagt prestasjonsangsten på hylla, men det er framleis meg, seier han. Det speglar seg att i det nye albumet. Der er meir å lytte til. Og banjo?

- Det hadde eg aldri tort før. No gjorde eg det fordi eg ville. Nye nyansar, fleire akkordar, innslag av jazz og pop, men berre litt. Nok til at lyttarane må høyre låtane igjen og igjen for å ta inn tonane og musikken. Nyte og lytte i roleg tempo. Eit album har truleg aldri vore meir nynorsk. Nynorsk instrumental. Komponert heime i Hovdebygda, i eit klesskap, for å ikkje uroe sonen som skal sove, spelt inn i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, og med sleppkonsert i det same tunet 21. april.

Einsame ulvar streifar langt. Stig Ulv likar seg på heimebane. Det er der inspirasjonen ligg. Mellom bratte fjellsider og djupe fjordar, eller i auga til sonen. I den vesle handa. Det er her musikken kjem frå. Men blikket lengtar ofte ut. Ut i verda. Der han kan dele kjensla av å høyre heime. Einsam på ei scene. Det er inspirasjon i å lengte heim også. Ulven er svolten på meir. Publikum også. Med Akustikar får dei nok ein gong fylt opp med sjelero.

Nynorsk har aldri vore vakrare.