Storm Weather Shanty Choir

Kr 300,- / 23.08.19 21:00 Del denne siden

Storm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor frå Stord. Sjantiar er arbeidssongar som vart nytta til sjøs, og i Storm Weather Shanty Choir si tapping kjem dei i rock´n roll-drakt der publikum hiv seg med og syng av full hals – altså noko så merkjeleg som rocka allsong! På same måte tek dei publikum heilt ned når dei framfører vakre og melankolske sjømannsviser om sakn og svunnen kjærleik til sjøs.

Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Vatle som har mastergrad i sjantitradisjonen, har SWSC vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan (der dei headlina ein festival med 7000 publikummarar), USA og Tyskland og har spelt på eit utal av både rocke- og folkemusikkfestivalar som finnast her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg.

SWSC har gjeve ut fem plater sidan oppstarten, kjem med si sjette plate i løpet av 2016 og har også medverka på ei mengd andre utgjevingar, mellom anna med Odd Nordstoga og dei fekk sjølve med seg legenda Dave Cloud, frontfiguren i bandet The Gospel of Power, til å spela inn The Drunken Sailor. Bandet blir årleg streama bortimot ein million gonger på spotify, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor. SWSC får ein travel konserthaust med klubb og festivaljobbar i inn og utland og ser veldig fram til å returnere til fantastiske Herr Nilsen der me har den gledelege tradisjonen av å spele for utsolgt hus!

Haakon Vatle – forsongar/sjantimann og gitar
Ronny Sætre - baryton og perkusjon
Rune Nesse - bass og perkusjon
Vidar Vedå - bass og «karaokemaskin»
Roald Kaldestad - lyrisk tenor, mandolin, gitar
Gisle Østrem - lyrisk tenor, concertina, trekkspel

Program

neste ti konserter

Onsdag 27.03.19 21:00

ALEX SKOLNICK TRIO - European Conundrum Tour

Torsdag 28.03.19 20:00

Jojje Wadenius trio

Fredag 29.03.19 21:00

Østkanten Bluesklubb: Bård Christiansen

Lørdag 30.03.19 16:00

Trio De Janeiro

Lørdag 30.03.19 22:00

Ramsalt
Gjest: Asle Beck

Søndag 31.03.19 18:00

Romsås Storband gjør Snarky Puppy

Søndag 31.03.19 21:00

Søndagsjammen

Tirsdag 02.04.19 21:00

Inni Vår Hage

Onsdag 03.04.19 20:00

Christiania 12

Torsdag 04.04.19 20:30

The Songs of Townes Van Zandt

Hele programmet