Herr Nilsen


Stig Ulv - releasekonsert "Dur"

Kr 130,- + avg. / 15.10.15 21:00 Del denne siden

Stig Ulv er ute med ny plate, Dur. Dette er artisten sitt tredje studioalbum og innheld 10 melodiar i kjent Stig Ulv stil der gitarane står for all musikken. Det set sine spor å vekse opp i Ørsta, Ivar Aasen si heimbygd, som ligg klemt mellom mektige fjordar og majestetiske fjell på Søre Sunnmøre. Det er truleg her, i skjæringspunktet mellom folk og natur, at den har oppstått, Stig Ulv sitt distinkte varemerke: Den uimotståelege klangen.

Den som fekk Magne Furuholmen til å avbryte han midt under ein konsert for å få med seg ein signer CD. Den som gjer at Dagbladet sin journalist Tom Stalsberg finn det tvingande nødvendig å be folk om å sjekke ut den beskjedne sunnmøringen.

Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav.

- Dette er ikkje akkurat festmusikk, seier Stig Ulv sjølv.

Og det takkar vi for. Det fins nok av slikt. Nei, Stig Ulv er noko heilt anna: Ro og pusterom. Høgst nødvendige komponentar i ei samtid prega av stadig aukande krav til tempo og effektivitet. Sjølv kallar han det stemningsfull instrumentalmusikk. Men det er berre for han er beskjeden.

Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas.

Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre.

Dur finn du frå 1.okt på Wimp, Spotify, iTunes, CD og vinyl
Liveplata « Strengeklimpring « finn du på Wimp, Spotify og iTunes.
Albuma "Strengetonar" og "Klimprar" finn du på Wimp, Spotify, iTunes, CD og vinyl.

Program

neste ti konserter

Lørdag 19.08.17 16:00

Oslo Jazzfestival 2017:
Kevin Dean quintet

Lørdag 19.08.17 20:00

Oslo Jazzfestival 2017:
Hovedøen Social Club

Lørdag 19.08.17 22:00

Oslo Jazzfestival 2017:
Nordisk Showcase - JUNO

Lørdag 19.08.17 23:20

Oslo Jazzfestival 2017:
Nordisk Showcase -
Calle Stenman quintet

Søndag 20.08.17 20:00

Søndagsjammen

Mandag 21.08.17 21:00

Whiskey Shakes

Tirsdag 22.08.17 20:00

Tirsdagsjammen: Sesongåpning!

Onsdag 23.08.17 20:00

Oslo Radio Orkester

Torsdag 24.08.17 21:00

Vidar Johnsen

Fredag 25.08.17 22:00

D'AccorD

Hele programmet