Elisabeth Lid Trøen/Dag Arnesen kvartett

Inngang kr 220,- / musiker/student kr 110,- / 11.05.19 16:00 Del denne siden

Elisabeth Lid Trøen - tenorsaksofon
Dag Arnesen - piano
Ole Marius Sandberg - bass
Frank Jakobsen - trommer

Musikalsk byr Trøen/Arnesen kvartett på heftig swing og saftige balladar, i eit univers der idealet om den klassiske jazz-kvartetten står sterkt. Med eit aldersspenn på fleire generasjonar, og erfaring frå ulike sjangrar og epokar, samlast dei fire musikarane rundt ein felles kjærleik for “den gode gamle jazzen". Med ideal frå jazzens øvste hylle finn dei inspirasjon frå store namn som John Coltrane, Keith Jarrett, Joe Henderson og Dexter Gordon. Spesielt Joe Henderson er ein sterk inspirasjon for bandet, fordi både Dag Arnesen og Frank Jakobsen spelte i Henderson sin «Norwegian Quartet» saman med bassist Bjørn Kjellemyr. Kvartetten tek med seg jazztradisjonen inn i eigne komposisjonar, samt eigne tolkingar av gamle perler. På denne måten vil bandet blåse nytt liv i tradisjons-jazzen, og utfalde seg i spennet mellom det nye og det gamle.

Elisabeth Lid Trøen vart uteksaminert frå jazzlinja i Trondheim våren 2015, og har sidan då livnært seg som frilans jazzmusikar. Ho utmerka seg i ung alder som eit jazztalent, og hadde i ein alder av 19 år sin eigen kvartett, Elisabeth Lid Trøen kvartett, saman med Steinar Raknes, Eirik Nylander og Erlend Slettevold, som spelte mellom anna på Oslo Jazzfestival og Vossajazz. Seinare har ho vore å høyra i ei rekke ensemble og band med jazzmusikarar frå øverste hylle, som tingingsverk med Mathias Eick, duo med Tord Gustavsen, hennar eige World Expression Band med Andy Sheppard, og kvartett med den internasjonale stjernetrommeslagaren Terry Lynn Carrington.

Dag Arnesen har i lang tid vore ein av Noregs leiande pianistar, med ei lang rekke utgjevingar, bestillingsverk og prosjekt bak seg. Gjennom ein lang og innhaldsrik karriære har han samarbeida med norske jazzmusikarar som Knut Riisnæs, Jon Christensen, Karin Krog, Bjarne Nerem og Audun Kleive, samt verdskjende artistar som Joe Henderson og Elvin Jones. Dag Arnesen har gjort stor suksess med konseptet Norwegian Song, og vart tildelt Buddyprisen i 2009. Pianisten har nærmare 20 utgjevingar bak seg, der dei ferskaste er «Pentagon Tapes» der mellom anna Ole Marius Sandberg er med, og «Norwegian Song IV» med Bergen Big Band.

Ole Marius Sandberg er utdanna ved Jazzlinja i Trondheim (1996-1999), og har sidan gitt ut ei rekke album både under eige navn og med andre, og turnert over heile verda. Han har samarbeida med mellom andre Erlend Skomsvoll, Eirik Hegdal, Thomas Strønen og Håkon Kornstad for å nevne nokon, og er for tida aktuell med si eiga nye plate «Ensembel».

Frank Jakobsen er ein erfaren og velkjent jazztrommeslager, busett i Bergen. Han har bidratt på eit hundretalls innspelingar både innan jazzsjangeren og andre sjangrar, og samarbeidd med ei rekke av musikarar i verdensklasse. Her går det an å nemne i fleng, som til dømes Knut Riisnæs, Karin Krog, Kim Farichild, Jan Eggum, Sondre Lerche, Trang Fødsel og Son Mu. Han mottok Vossajazz-prisen i 1997.